Kalender
01 September
11:00 Gudsteneste, Sande kyrkje
15:00 Gudsteneste, Viksdalen kyrkje
08 September
11:00 Gudsteneste, Hestad kapell
15:00 Gudsteneste, Bygstad kyrkje
22 September
11:00 Gudsteneste, Bygstad kyrkje
29 September
11:00 Gudsteneste i Sande Kyrkje
06 Oktober
11:00 Gudsteneste, Viksdalen kyrkje
13 Oktober
11:00 Gudsteneste, Sande kyrkje
27 Oktober
11:00 Gudsteneste, Bygstad kyrkje
15:00 Gudsteneste, Sande kyrkje

 

Snarvegar:
Skjema for dåp finn du her
Skjema for vigsel finn du her.




stemmeseddel_stemmeurne_kyrkjevalet_2019.jpg
Di stemme tel i Kyrkjevalet

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.

Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrkja?
Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje?
Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 

Korleis vil du at kyrkja skal vere?
Ved Kyrkjevalet 8.-9. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til og kommunestyre og fylkesting og i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Du kan også stemme på førehand frå 10. august til 6. september på Gaular kyrkjekontor, måndag til fredag kl.08.00-15.30. 

Valkrinsar og opningstider er dei same som ved kommune- og fylkestingsvalet. 
Obs! I nye Sunnfjord kommune er det for kommune-/fylkestingsvalet fritt å velje mellom 12 lokasjonar/valkrinsar. Når det gjeld kyrkjevalet kan røysting på valdagen kun skje i det soknet ein høyrer til, dvs at du som bur i Gaular må stemme i Gaular. Gaular sokn blir ikkje slått saman med dei andre sokna i Sunnfjord, sjølv om det er kommunesamanslåing. Vi får eit nytt fellesråd i Sunnfjord, men dei gamle sokneråda består. Om du ikkje kan stemme i Gaular på valdagen, kan du førehandsstemme på kyrkjekontoret i perioden 12. august til 6. september.

To val ...


Les meir »
Førehandsrøysting

Du kan røyste på førehand frå 10. august til 6. september på Gaular kyrkjekontor, måndag til fredag kl.08.00-15.30. 
Det er også førehandsrøysting på bygdeheimen onsdag 4. og torsdag 5. september kl.10.00-12.00. 
(Førehandsrøysting på kyrkjekontoret går ut mens vi er på bygdeheimen.)
Ta gjerne med valkortet frå DNK (ikkje valkortet for kommunevalet) - då går det fortare.

På valdagen 9. september kan du røyste her:
Bygstad skule kl.12.00 – kl.20.00
Gaular kommunehus kl.12.00 – kl.20.00
Viksdalen skule kl.13.00 – kl.19.00
Valkrinsar og opningstider er dei same som ved kommune- og fylkestingsvalet. 

Obs! I nye Sunnfjord kommune er det for kommune-/fylkestingsvalet fritt å velje mellom 12 lokasjonar/valkrinsar. Når det gjeld kyrkjevalet kan røysting på valdagen kun skje i det soknet ein høyrer til, dvs at du som bur i Gaular må stemme i Gaular. Gaular sokn blir ikkje slått saman med dei andre sokna i Sunnfjord, sjølv om det er kommunesamanslåing. Vi får eit nytt fellesråd i Sunnfjord, men dei gamle sokneråda består. Om du har tenkt å røyste i Førde, Jølster eller Naustdal på valdagen, kan det vere lurt å førehandsrøyste i kyrkjevalet.
Kirkevalget_2019_dato_9_sept_CMYK_nynorsk.png
Kirkevalget_2019_dato_9_sept_CMYK_nynorsk.png
Kandidatliste til soknerådsvalet

9. september 2019 er det kyrkjeval.
Til Gaular sokn skal det veljast 8 medlemmer og 5 varamedlemmer.
Vi vil takke dei som har sagt "ja" til å stille som kandidatar og dei som har jobba i nominasjonskomiteen.
Her er kandidatane. Meir informasjon om kandidatane og om valet kjem etter kvart.

1. BJARNE ANDREAS HORSEVIK
2. GUNN ELIN BØE HATLESTAD
3. SYNNØVE BERGET
4. SIGURD MARTIN ÅRSKAUG
5. BENTE ODDNY KANDAL
6. IDAR SENNESETH
7. OTTAR LEIDAR RUSKEN
8. STEINAR HATLESTAD
9. ELIN SOLHAUG OSEN
10. LASSE OLAV BELL
11. HJØRDIS JANNA MARIE ØVREBOTTEN
12. KJELL ØVREBØ
13. KARI MARIE HÅHEIM SYGNA
14. TURID ANITA VIKEN
Utdelingsgudstenester framover

Mi kyrkjebok 4
born fødde i 2015
Bygstad kyrkje søndag 27. oktober kl.11.00
Sande kyrkje søndag 27. oktober kl.15.00
Viksdalen kyrkje søndag 10. november kl.11.00

Mi kyrkjebok 6
born fødde i 2013
Bygstad kyrkje søndag 27. oktober kl.11.00
Viksdalen kyrkje søndag 10. november kl.11.00
Sande kyrkje søndag 17. november kl.11.00

Tårngenthelga
born fødde i 2011
laurdag 25. og søndag 26. januar
Det vert samling på laurdag der vi har mykje kjekt på programmet. Det heile vert avslutta med gudsteneste søndag kl.11.00. Ein må vere med på laurdagen for å kunne delta på gudstenesta.

Bibelutdeling
born fødde i 2009 (2007, 2008 & 2009 i Viksdalen)
Bygstad kyrkje søndag 2. februar kl.11.00
Viksdalen kyrkje søndag 9. februar kl.11.00
Sande kyrkje søndag 9 februar kl.15.00

Set av datoane allereie no!

Barn_sirkel_ElisabethMoseng.jpg
Den årlege sommarkonserten i Sande kyrke blir tysdag 2. juli kl.16.30, denne gongen med Beate Kjølsdal, Mariann Aarberg, Kjell Ivar Aase og Frode Skeide. Gratis inngang, kollekt til diakoniarbeid i Gaular.
Konserten er open for alle! Men bebuarane på Gaular bygde- og sjukeheim og til-liggjande husvære og deira pårørande er særskilt invitert.
Kjekt om mange kjem!


Les meir »
Barn_sirkel_ElisabethMoseng.jpg
Velkomen til føremiddagstreffi Viksdalen!

Torsdag 23. mai i Viksdalen bygdetun
Kl.11.45-13.15


• Møteplass for foreldre og born
• Sosialt samvær og frie aktivitetar / leikar
• Samlingsstund med bibelforteljing
• Matpause med eigen nistepakke
• Medlemspengar: 50 kroner per år (Vipps #514877)

Velkomen!
Ragnhild, Margit og Eva
Anbod på nye lydanlegg til kyrkjene

Gaular Kyrkjelege Fellesråd 
skal gå til innkjøp av nye lydanlegg i kyrkjene i Bygstad, på Sande og i Viksdalen. 

Kyrkjene er så like i storleik og materiale at det skal vere same opplegg i alle. I kvar kyrkje skal det vere høgtalarar og miksebord. Eksisterande mikrofon på preikestol i alle kyrkjer kan brukast, men det trengs nytt trådlaust opplegg med 1 stk. handmic (ved lesepult) og 1. stk bøyle (for prest/liturg). Det skal også monterast teleslynge.

Utanom det som til ei kvar tid skal stå i kyrkjene ved kyrkjelege handlingar (gudstenester, gravferder og bryllaup), skal det også kjøpast inn det vi kan kalle ein konsertpakke som er eit nødvendig tillegg i kyrkjene når det skal vere konsert. Denne pakken er til felles bruk i alle kyrkjer.

Pakken skal innehalde 4 stk. monitorar (aktive), 4 stk. notestativ (svarte), 4 stk. mikrofonstativ (svarte), digital sceneboks og digital multikabel. Songmikrofonar, instrumentmic og kormikrofonar er innkjøpt tidlegare.

Fellesrådet vil prioritere eigna og kvalitetsmessig gode løysingar som gir ei god lymessig oppleving i mange år framover enten det er ved kyrkjelege handlingar eller konsertar. Det visuelle i kyrkjerommet vert også lagt vekt på.

Fellesrådet ser det som sterkt ynskjeleg å få tilbod frå lokale firma. Med tanke på at desse lydanlegga skal vere både er bruksanlegg for kyrkjelege handlingar og nyttast som PA på konsertar, vil leverandør som kan vise til levering og montering av slike anlegg i andre kyrkjer, bli prioritert. Røynsle hos leverandør frå bruk av PA (lydesign) blir også vektlagt. 

Tilbodet må sendast til kyrkjeverje@gaular.kyrkja.no innan 20.05.2019.
pdf-fil
Paaske_2019_Gaular.jpg
Velkomen til påskegudsteneste!

Skjærtorsdag 
Hestad kapell kl.11:00

Gudsteneste.  Takkoffer til Sjømannskyrkja.

Bygstad kyrkje kl.20:00

Gudsteneste.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Etter gudstenesta blir det servert kveldsmat i kyrkjestova.

Langfredag 
Viksdalen kyrkje kl.20:00

Pasjonsgudsteneste.  Takkoffer til Kirkens SOS, Bjørgvin.   

Påskeaftan 
Sande kyrkje kl.23:30

Påskenattsmesse – ei annleis gudstenste.  Mannskor.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. 
Mannskoret øver frå kl.21.30 med mat kl.22.30. Alle menn er velkomne!

Påskedag  
Bygstad kyrkje kl.11:00
Høgmesse.  Takkoffer til NMS.

Viksdalen kyrkje kl.13:00
Høgmesse.  Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. 

God påske!
 
Vindheim
Gudsteneste i friluft!

Det er mange sjanser å få med seg ei friluftsgudsteneste i sommar!
Sjå heimesider/Facebook for nærare informasjon og opplysningar om eventuelle endringar dersom det er dårleg vêr.

Fjaler www.fjaler.kyrkja.no
28. juli kl. 14.00 Olsokgudsteneste ved Korssund-krossen

Førde www.fordekyrkje.no
21. juli kl. 12.00 Stølsmesse Haukedalen
28. juli kl. 12.00 Gudsteneste i Movika
4. august kl. 12.00 Stølsmesse Holsen

Gaular www.gaular.kyrkja.no
18. august kl. 12.00 Holmevasshytta

Hyllestad www.hyllestad.kyrkja.no
29. juni kl. 20.00 Fjøs-/naustmesse ved Espelandsvatnet (NB! laurdag)
4. august kl. 12.00 Lifjorden ved havørn-bauta
11. august kl. 14.00 Porten gamle skule, båtskyss frå Sørbøvåg kai kl. 12.00

Jølster www.jolster.kyrkja.no
10. juni kl. 11.00 Hamnanova
23. juni kl. 11.00 Kjøsneshogen
11. august kl. 12.00 Ålhusstøylen

Naustdal (sjå «Det skjer» i Firda)
16. juni kl. 12.00 Horstadstølen
11. august kl. 11.00 Vassbotn, Vevring
Konfirmanter_BirgitteKolbeinsen.jpg
Konfirmantane

Vi vil gratulere alle dei flotte konfirmantane våre!

Bygstad kyrkje 19. mai kl.10:30
Brage Botnen
Maria Berglihn
Simon Nino Haugsbø
Tiril Kapstad
Nikolai Kvarme
Mari Lervik
Marthe Skudal Nistad

Bygstad kyrkje 19. mai kl.13:00
Nikolai Såtendal Birkeland
Emil Eide Haugsbø
Odin Haugsbø
Helena Kleppe
Ida Grimestad Krone
Atle Vidar Lundekvam Skilbrei
Sondre Tjønneland Skilbrei
Maya Sæther
Emma Yndestad

Sande kyrkje 26. mai kl.10:30
Mathias Løkeland Alværen
Ronja Herland Bakkebø
Malin Berge
Jardar Einen Espedal
Vebjørn Lunde
Nora Helen Olsen Johme
Eveliina Bale Oinonen
Oliver Nathanael Johannessen Øksland
Audun Johan Myrmel Øren
Sander Nikolai Øvrebø
Karen Øvrestrand

Sande kyrkje 26. mai kl.13:00
Mathias Bøyum
Sverre Olav Hjartholm Dyrdal
Johannes Hammar Høgelid
Sander Rude Kleppe
Marthe Mjåseth Kjøsnes
Jakob Øvretveit Larsen
Johannes Øvretveit Larsen
Nikolai Berg Ramsevik
Isabell Takle 
Stina Engelsen Aarberg

Viksdalen kyrkje 30. mai kl.11:00
Daniel Råheim Hornnes
Martin Ness
Sverre Storøy
paaske tomgrav
Bibellesing i påske

Påsken er den viktigaste og eldste kristne høgtid.

Finn bibellesingar for alle dagane i påske her.

Vi ønskjer alle ei velsigna påskehøgtid.

 
Kontaktinfo

Gaular kyrkjekontor
Førdevegen 12
6973 Sande i Sunnfjord
tlf: 57 71 63 33

Vanleg kontortid:
mandag-fredag
kl.10.00 - kl.14.00

Betaling kyrkjeblad:
i Gaular kr 225,-
utanbygds kr 250,-
bankkonto: 3760.09.08376

Vippsnummer:
Bygstad kyrkje i Gaular #511609
Hestad kapell i Gaular DNK #511611
Sande kyrkje i Gaular #511605
Viksdalen kyrkje i Gaular #511608
Sande kyrkjelydshus i Gaular #541748
Kyrkjeblad i Gaular #512812
Babysong i Gaular #513486
Sande ungdomsklubb i Gaular #511592
Viksdalen føremiddagstreff #514877

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Gaular sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no